|
Kitty Wentzel vart fødd i Christiania den 09.08.1868. Foreldra
var Fredrik Samuel Bætzman og Karen Marie f. Fougner. Kitty vakse opp delvis i Christiania hos
foreldra og delvis
hos besteforeldra Fougner på Li gård i Bergen. Seinare hos besteforeldra Politimester Samuel Severin Betzman og
hustru Christiane Schive Bætzman i Trondheim, fram til ho
var 7 år. Ho reiste seinare attende til Christiania for så å reise
til Paris med familien. Der vart dei buande heile ungdomstida til
Kitty. Kitty gjekk på klosterskule hos St. Josephs-søstre. Der var
undervisningen grundig og omfattande, hukommelsen vart trena ved
å pugge geografi og historie og å lese dikt og utdrag
frå dei store klassikarane. Ei stor oppleving var eit opptog til katedralen
Sacre Coeur, som på den tida var under oppføring på
Montmarte.
Haukdalen var i mange år heimen til Kitty Wentzel. Ho var fødd i 1868, kom frå Christiania, og var av dei fyrste kvinnelege journalistane i landet. Kitty var gift med den kjente kunstnaren Gustav Wentzel og var i alle år ein stor beundrar av han. Kitty Wentzel var lei bylivet og båe sønene hadde busett seg i Lom. Ho hadde lenge vore på utkikk etter ein liten stad, da ho fekk bilbodet om å kjøpe Haukdalen saman med yngste sonen Bjørn i 1923. Gustav og Kitty var på den tida separert og budde kvar for seg. Gustav ville ofra seg heilt for målarkunsten og Kitty ville bruke tida til å skrive. Kitty var ein stor beundrar av Gustav sin kunst og støtta han gjennom heile livet. Ho skreiv også bok om Wentzel og hans samtidskunstnarar. Familiebånda var sterke og stigen oppover frå Furuheim til Haukdalen og Høgbrenna var mykje brukt. Sjølv om ho reiste frå livet i Kunstnardalen, hadde ho fortsatt kontakt med venene sine i Asker. Hulda og Arne Garborg, tilla og Otta Valstad Visdal Signaldsen og fleire var på vitjing i Haukdalen. Sonen til Garborg "Tuften" var fleire somrar i Lia. Dette venskapet vara livet ut. Kitty dreiv Haukdalen med god hjelp av barn, barnebarn, og naboar. Familien hadde eit godt tilhøve til naboane og fekk mange gode vener i Lia. Kitty hadde som mål å leve av naturen, dyrke grønsaker, urter, poteter, bær og frukt og dreiv eit aktivt opplysningsarbeid om dette. Ho hadde kaniner, høner, kalkuner, sau og ei tid ku og gris. Unge jenter frå grenda var i teneste hjå Kitty og fleire har fortalt at denne tenestetida var svært lærerik. Kitty var ein av dei fyrste kvinnelege journalistane og skreiv i aviser og blad som Urd, Ørebladet og Hjemmets vel. Saman med den kjende kriminalforfattaren Øvre RichterFrich skreiv ho kokkeboken "Bordets Glæde" og biografi om Gustav Wentzel der ho mellom anna skreiv "Han var ein sann venn, eit godt menneske og en stor kunstner". Gustav gjekk bort i 1927. Kitty levde i Lia heilt fram til 1961. Dei er båe gravlagde på kyrkjegarden i Lom. Kitty skreiv også boka "Mitt livs karusell". Frå ungomstida i Paris der ho trefte Wentzel og fleire samtidskunstnarar, mellom anna Bjørnstjerne Bjørnsson. Da ho gifta seg med Wentzel den 17. mai 1889. Om livet med Wentzel rundt om i landet til ho enda i Lom og livet i Haukdalen |