|

Opningstider:
Haukdalen er open for besøkjande fredagar og laurdagar i juni,
juli, august og september. Kl. 11-17. Ellers etter avtale. Pris pr. pers.
kr. 50.
Barn under 12 år går gratis. Grupper kr. 40,-.
Det er høve til å kjøpe seg enkel servering.
Aase Marstein,
tlf. 61 21 27 46
mob. 480 43 554.
aamarste@online.no

|

Haukdalen ligg roleg og idyllisk til på solsida i Flatmogrenda i Lia i Lom. Det tradisjonssrike småbruket ligg der som eit tun av gamle, små timbrahus omkransa av ein fargerik og frodig hage. Vi i Haukdalen kan tilby deg trivelege rusleturar i dette koselege tunet, vi kan gje deg innblikk i korleis livet til Kitty og Gustav Wentzel arta seg og vise deg måleri og arbeid av den kjente målaren. Vi tek deg med på ei vandring på den gamle skogsstigen til Furuheim, heimen og atelieet til Wentzel, og vi byr på rømmebrød og kaffe ute i hagen. På Liafjellet finn du mange restar etter gamle fangstkulturar og du har ei flott utsikt mot
Jotunheimen.
|