|
Gustav Wentzel vart født i Oslo 1859. Han var elev av Bergslien og Thaulow og studerte ei tid i Paris. I sine måleri var Wentzel oppteken av ljoset og fargane og kontrastane mellom ute og inneljos og mellom ljos og skugge. Han var og ein god folkelivsskildrar. I 1919 fløtte han til sin son i Furuheim i Lia, der han sette seg opp eit atelie. Haukdalen har fleire måleri og skisser
å vise fram av Gustav Wentzel, mellom anna ei rekkje aktteikningar og eit flott bilete han har måla av sin kone,
Kitty. Gustav Wentzel budde fast i Lom i åtte år frå 1919 til han døde i 1927. Han var ofte
å sjå ute på ski om vinteren med staffeli på ryggen og fargane i lomma for at dei ikkje skulle fryse. Han fekk på desse turane festa på lerretet snøstormar i vinterlandskap, vintervegar i januarsol, tømmerkjørarar i vinterskogen. Fleire stod modellar for han i Liagrenda.
Gustav Wentzel var mykje på reisefot den tida han budde i Asker og var fleire gonger på vitjing i Nord-Gudbrandsdalen. Tidleg på 1900-talet var han fleire turar til Vågå der han budde både på Sandbu, Kvarberg og Sve. Han hadde med seg familien på desse turane og han nytta ofte høvet til å måle. I 1915 gifta den eldste sonen Jørgen seg med Magnhild Prestjordet frå Skjåk. Dei fløtte til det vesle bruket Høgbrenna i Lia der dei budde i 4 år . Gustav var ofte på besøk og likte seg svært godt. I 1919 kjøpte han Furuheim saman med sonene, der dei bygde seg hus med atelier i andre etasje med utsikt mot Lomseggen. Dette var eit ynda motiv for Wentzel. Yngstesonen Bjørn med si tyskfødde kone Eva Kønig kjøpte da Høgbrenna etter broren og busette seg der i 1920. Bjørn reiste på den tida mykje rundt i Europa som scenekunstnar og var samtidig journalist for Aftenposten og dei budde fast i Høgbrenna fram til 1953 da dei fløtte saman med Kitty ned i Haukdalen. Kitty var ein stor beundrer av Gustav Wentzel som medmenneske og
kunstnar,
og meinte at han vart uberettiga kritisert for sin kunst i dei seinare åra han
levde. Ho skreiv m.a. i ei landsdekkande avis: "Må jeg be om plass for nedenstående
i deres ærede blad. Ærbødigst. Herr Jeppe Nielsen. Helt siden De begynte
Deres geschæft som kritiker, har De ved hver given anlening overøst Guetav
Wentzel med ondsindede og sakløse --Jeg kalder det med vilje ikke kritikk.
Nu er han død, men De gir ikke opp . Endog i graven forfølger de ham med
Deres angrep på hans kunst. Forhåpentlig blir det siste gang De får anledning
til å boltre Dem i skjellsord mot denne vår store kunstners livsverk. For
de er en meget gammel mann Hr. Nielsen! Men ett kan De vere forvisset om. Trods Deres dom, vil Gustav Wentzels navn leve og lyse i Kunstens verden,
meget, meget lenge, efter at glemselens slør har bret seg over Deres navn
og virke. De har vert for liten, herr. Nielsen. Kitty Wentsel." |